Buhundavl

Orrekojans Norska Buhundar

Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund Norsk buhund

Buhundavl - av Jon Sæland (1939)

 

"Det fylger glede med å hjelpa upp og fram skapningar som lenge hev havt det vondt og vore vanakta eller burtgløymde. Dette kan skrivast i samband med buhunden ogso. Han er utgamal i landet, men han kom inn i låke tider då utanlandske jakthundar og selskapshundar av mange slag fekk fyreretten.

 

Buhunden vart uppblanda og burtfjalska so ille at storparten av landet ikkje hadde att minste minninger um han. Jamvel namnet var burtkome. Bonden sin gamle kloke og trugne tenar hadde vorte so vanakta og burtgløymd, at han var åt å koma heilt burt. Men so kom staten med ei hjelpande hand her ogso.

 

Dette hende for berre 13 år sidan. Då gav landbruksdirektøren buhunden rett til å møte upp og verta dømd på statens småfeutstellingar. Det var ikkje stort som møtte fram, men litt var det.

 

Det meste var blandingsgraps av verste velt og utan minste verd til avl når det gamle hundeslaget skulde nyast uppatt. Men ein fremifrå fin og klok og dugleg hund vart funnen - 1926 - Champion Flink I. Denne var straks gjeven 1. premie og vart mykje bruka i avlen heilt til han vart fjortan år og slutta sine dager i fjor. Ingen hund hev kome nær så stor part i norsk huhund i dag som Flink I.

 

Det var eit takksamt arbeid å hjelpa buhunden framatt. Han kom i skotet både på landet og i byen. På få år vart han atter landskjend og spurlaget etter kvalpar var so stort, at det ikkje på langt nær var kvalpar nok etter fine foreldre og fine ætter.

 

Men berre det bar buhund-namnet so vart det selt um det var aldri so grapsut og stygt. Folk som ikkje nådde premi for di stygge hundane sine laga private utstellingar og "premiera" rusk og rask og selde kvalpar under buhund-namnet. Dette går fyre seg enno og dette held på å skjemma heilt ut buhunden. Soleis er storparten av all den hunden som no i Oslo vert kalla "buhund" ikkje anna enn blandingsskrap utan mindste vert endå det kan vera selt som "buhund" til høge prisar.

 

Buhunden skal vera samleta blakk og helst med sume svarte hårtuppar som på vargen (vargelet) eller blankt svart. Lite kvitt i brystet, på halsen og labbane lyt ein tola. Like eins um dei er blæsut.

 

Andre leter er det ikkje, utan når det gjeld blandingsskrap som bør burt so snart skje kann. Fremleis skal buhunden vera stutthåra og glatthåra med rak rygg, rake føter, kvasst uppståande øyro og godt uppringa hale. Men endå ser me tidt i Oslo og annan stad rosute eller langhåra eller brun og grå "buhund".

 

Graps av verste velt! Alt dette må burt. "Ættebok for Norsk Buhund" gjev god rettleiding og er alt utkomen i åtte band. Når folk held seg til dette skriftet og elles til pålitelege folk når dei kjøper kvalpar, so kan dei få noko som er vakkert og vitugt og som der fylgjer glede med - um det fær god uppsæding."